Hastar det?
Viktig å vite før du sender bekymringsmelding
Dette skjemaet er for offentleg tilsette og fagpersonar med yrkesmessig teieplikt og meldeplikt
Du kan ikkje sende bekymringsmelding som privatperson viss bekymringa handlar om forhold du har blitt kjent med gjennom arbeidet ditt. Viss du skal sende inn bekymringsmelding som privatperson, går du til
Du kan ha plikt til å melde frå
Offentleg tilsette og fagpersonar med teieplikt kan ha plikt til å melde frå til barnevernet i kommunen. Meldeplikta kjem først til i dei meir alvorlege tilfella: når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.
Kven har meldeplikt?
Meldeplikta gjeld for tilsette i alle offentlege instansar og tenester. Ho gjeld òg dersom du jobbar i ein organisasjon eller ei privat verksemd som utfører oppgåver for det offentlege. I tillegg har fleire yrkesgrupper ei tilsvarande meldeplikt. Det gjeld mellom anna psykologar, sjukepleiarar, tannlegar, jordmødrer, fysioterapeutar, tilsette ved familievernkontor og meklarar i ekteskapssaker.
I kva tilfelle gjeld meldeplikta?
Alle offentleg tilsette har teieplikt. I tillegg har ei rekkje yrkesutøvarar profesjonsbestemd teieplikt. Meldeplikten går føre lovfesta teieplikt når eitt eller fleire av vilkåra i barnevernslova er oppfylt:
Meldeplikta trer først inn når du har grunn til å tru
- at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt
- at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
- at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring
- at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel
Meldeplikta trer òg inn når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd.
Du må sjølv gjere deg kjend med vilkåra for å melde bekymring til barnevernet og sjølv vurdere om plikta til å melde er utløyst. Les meir om meldeplikta i
Du har eit personleg ansvar for teieplikta og meldeplikta
Du har eit personleg ansvar både for teieplikta og meldeplikta. De kan ha rutinar på arbeidsplassen som seier at det er næraste leiar eller andre som skal melde inn bekymringa. Du har likevel eit personleg ansvar for at barnevernet får beskjed.
Viss foreldra samtykker, kan du sende bekymringsmelding sjølv om vilkåra for meldeplikt ikkje er oppfylte.
Handlar bekymringa om svært alvorlege forhold?
Handlar bekymringa om svært alvorlege forhold, som vald eller seksuelle overgrep, bør du kontakte barnevernet for å drøfte korleis du skal gå fram. Ring barnevernet før du eventuelt informerer dei føresette til barnet om bekymringsmeldinga.
Korleis veit eg at bekymringsmeldinga har kome fram?
Barnevernet skal sende deg ei tilbakemelding innan tre veker. Vi oppmodar deg til å kontakte barnevernet viss du ikkje får ei slik tilbakemelding innan tre veker. Når du sender inn bekymringsmeldinga frå denne nettsida, får du ei kvittering med eit referansenummer. Referansenummeret kan du bruke i kontakt med barnevernet.