Alle skal ha like høve til å bruke Nasjonal portal for bekymringsmelding. Målet vårt er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar. Tenesta er under kontinuerleg utvikling. Ved alle endringar i portalen er universell utforming og etterleving av WCAG-krava sentral. For tilgjengelegheitserklæringar frå kommunane som er kopla til portalen, viser vi til kommunane sine nettstader.
Løysinga er utarbeidd etter prinsippa frå klarspråk og brukartesta.
Webskjemaet skal vere enkelt å fylle ut. Der felt ikkje blir fylte ut automatisk eller ikkje krev eit predefinert format, er det eit medvite val.
Dei fleste WCAG-krava er oppfylte.
I staden for å kode alle enkeltsetningar som ikkje er omsette til nynorsk, engelsk og nordsamisk enno, vil vi omsetje dei tekstane som ikkje er omsette enno, snarast.
Meir informasjon om korleis vi jobbar med å oppfylle WCAG-krava finn du i WCAG-sjekklista på Fiks-portalen . Sjekklista blir oppdatert etter kvart som vi forbetrar nettsida.
Sei gjerne frå dersom du opplever problem med å bruke nettsida, eller om det er noko anna vi kan gjere for å bli betre på universell utforming. Send oss ein e-post: fiks@ksdigital.no. Ta kontakt med kommunen dersom du treng meir informasjon om korleis kommunen jobbar med universell utforming.