Choose language
For privatpersonar

Bekymringsmelding til barnevernet

Her kan du melde frå til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Dette skjemaet er for privatpersonar som skal sende bekymringsmelding til barnevernet. Dersom du er offentleg tilsett eller fagperson med meldeplikt, gå til bekymringsmelding for offentlege meldarar.

Hastar det?

Greitt å vite før du sender bekymringsmelding

Viss du er bekymra for omsorgssituasjonen til eit barn, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale.

Dei fleste får hjelpa heime

Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Det er barnevernet sin jobb å vurdere om barnet og familien treng hjelp. Di oppgåve er å sørgje for at barnevernet får vite om barn og unge som har det vanskeleg.

Viss du er usikker på om du bør melde ei sak og ønsker råd, kan du ringe til barnevernet i kommunen og diskutere saka anonymt.

Du er ikkje anonym når du melder bekymring i den digitale løysinga
Når du bruker Nasjonal portal for bekymringsmelding, får barnevernet vite namnet ditt. Barnevernet vil i dei fleste tilfella opplyse familien om kven som har meldt bekymring, også sjølv om du helst ville ha vore anonym. Dette er fordi barnevernet ofte ikkje har moglegheit til å halde denne opplysinga skjult for familien. Det er også enklare for barnevernet å gjere ein god jobb når dei kan snakke med familien om kven som er bekymra, og kvifor. Vil du vite meir om kva det inneber for deg at du ikkje er anonym, kan du ringje barnevernet i kommunen.
Viss du vil vere anonym, kan du ringje eller sende brev i posten
Viss du likevel ønskjer å vere anonym, kan du ikkje bruke Nasjonal portal for bekymringsmelding. Då kan du laste ned eit skjema og sende bekymringsmeldinga i posten utan å skrive kven du er. Du kan òg ringje til barnevernet i den kommunen barnet bur i, og la vere å seie namnet ditt.

Bekymringsmeldinga di kan vere med på å sikre at barnet og familien til barnet får hjelp viss dei treng det. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Det er berre i dei mest alvorlege tilfella at barnevernet tar over omsorga. Det er barnevernet i kommunen der barnet bur, som følgjer opp bekymringsmeldinga di.

Barnevernet vurderer om dei skal følgje opp meldinga

Når du har sendt inn ei bekymringsmelding, vurderer barnevernet om dei skal følgje opp meldinga med ei undersøking, eller om dei skal leggje ho bort. Dette skal barnevernet gjere i løpet av ei veke frå dei får meldinga.

Du får ei stadfesting på at barnevernet har fått meldinga

Skriv du adressa di i meldinga, får du ei stadfesting frå barnevernet på at dei har fått meldinga, før det har gått tre veker.

Barnevernet kan kontakte deg

Det kan hende barnevernet tar kontakt med deg for å få meir informasjon.

Hjelp til familien

Gjennom undersøkinga avklarer barnevernet om barnet og familien treng hjelp, og korleis dei i så fall kan få den hjelpa. Barnevernet har teieplikt. Derfor får du ikkje informasjon om korleis barnevernet følgjer opp barnet og familien.

I bekymringsmeldinga skal du skildre det du har sett eller høyrt, og som gjer at du er bekymra:

  • Kva har skjedd?
  • Når skjedde det?
  • Kvar skjedde det?
  • Kven var involvert?
  • Er det andre ting som gjer deg bekymra?

Ikkje gi meir informasjon enn du ønskjer

Ver merksam på at familien ofte får sjå meldinga.

Døme på meldingstekst

Døme 1

Morten (8) er ein nabo i burettslaget vårt. Han bur saman med foreldra og fem søsken. Det siste halvåret har han besøkt oss ofte, ettersom han liker å leike med den tre år yngre dottera vår. Eg har aldri sett eller høyrt vald eller andre alvorlege hendingar, men eg synest det verkar som foreldra er lite til stades, og eg er usikker på om han får god nok omsorg.

Døme på hendingar som gjer meg bekymra:

  • Morten er mykje ute aleine, nesten kvar dag til seint på kveld (rundt kl. 23).
  • Han seier sjølv at han passar veslebrørne sine (på rundt tre og fem år) mens foreldra og eldre søsken er borte. I sommar sa han også at han og søskena (eldste er 14 år) var aleine heime i nesten ei veke.
  • Morten får ikkje ha andre barn inne hos seg, og når dottera mi eller andre barn ringjer på døra, ber foreldra dei om å gå. Eg har aldri sett han saman med vener frå skulen eller andre jamaldringar.
  • Morten seier at han bytte skule i haust fordi foreldra ikkje likte lærarane på den gamle skulen.
  • Eg har fleire gonger prøvd å slå av ein prat med foreldra, men dei er ordknappe og verkar ikkje interesserte i å bli betre kjende.

Døme 2

Ein familie som bur i sameiget vårt, har ein son me er bekymra for. Alle kan høyre at guten og faren kranglar mykje. For to veker sidan var det brann i ein garasje, og det viste seg å vere denne guten som hadde tent på. Saka er meld til politiet, men me ser ikkje at dei har gjort noko enno. Me er veldig bekymra for guten, og bekymra for om faren skader han. Me er også redde for at han skal setje fyr på fleire stader. Me veit ikkje kva guten heiter, men han bur i Strandgata nr. 12 i 2. etasje og er mellom 14 og 18 år. Han har ein eldre bror som heiter Lars.