Personvernerklæring for Nasjonal portal for bekymringsmeldingar

Portalen på https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/ er utarbeidd for norske kommunar av KS (interesseorganisasjonen for kommunesektoren) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Du kan bruke tenesta til å sende bekymringsmeldingar elektronisk til barnevernet.

For å bruke tenesta må du skrive inn personopplysingar som namn og kontaktinformasjon. Du kan føle deg trygg på at me handterer alle personopplysingar på ein sikker måte. Har du spørsmål om denne personvernerklæringa eller ønskjer meir informasjon, må du gjerne kontakte oss på fiks@ks.no.

Lovreguleringar og lovgrunnlag for behandling av personopplysingar

Me har etter lovverket ansvar for at all informasjon som blir samla inn og behandla gjennom bekymringsmeldingstenesta, er godt nok sikra. Det finst fleire lover som regulerer behandlinga av personopplysingane:

  • Personopplysingslova og personvernforordninga til EU (GDPR)1 regulerer kva for personopplysingar kommunen og KS kan behandle, og korleis me kan forvalte opplysingane.
  • Kommunen har rett til å behandle opplysingar som går fram av innhaldet i innkomne bekymringsmeldingar, inkludert personopplysingar, etter § 2-1 første ledd i barnevernslova.2
  • I tillegg til regelverket om personvern finst det også anna lovverk om stiller krav til korleis opplysingar om enkeltpersonar skal sikrast, til dømes eForvaltingsforskrifta. 3

Kommunen er behandlingsansvarleg

Kommunen som får bekymringsmeldinga, har det overordna ansvaret for behandlinga av personopplysingane.

Personvernombodet i kommunen kan hjelpe deg

Alle kommunar har utnemnt sitt eige personvernombod. Personvernombodet kan hjelpe deg viss du har spørsmål om innsyn, retting, sletting eller uthenting av informasjon om deg. Kontaktopplysingar til personvernombodet i kommunen du bur i, finn du på nettsidene til kommunen.

Personopplysingane blir ikkje leverte ut til andre enn barnevernet

Opplysingane som blir samla inn og behandla gjennom bekymringsmeldingstenesta, blir ikkje leverte ut til andre enn den aktuelle delen av barnevernet i kommunen.


  1. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38
  2. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2021-06-18-97
  3. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-25-988