BEKYMRINGSMELDING

Meld bekymring til barnevernet

Her kan du sende digital bekymringsmelding både som privatperson og som tilsett med meldeplikt.

Ring dersom det hastar

Dersom du sender digital bekymringsmelding frå denne sida, kan det ta nokre dagar før barnevernet får lese henne. Kontakt politiet eller barnevernet direkte dersom det hastar.

Send bekymringsmelding

Bekymringsmeldingar skal sendast til kommunen der barnet bur.

Kvar bur barnet du er bekymra for?

Dersom du ikkje veit kvar barnet bur, kan du velje den kommunen barnet var i då du såg eller høyrde det som gjorde deg bekymra.

Logg inn med ID-porten for å sende bekymringsmelding til barnevernet.

Vel kommune

Du må velje kva for kommune bekymringsmeldinga skal sendast til, før du kan gå vidare til innlogging med ID-porten.

Viktig å vite før du melder frå

Det er forskjell på å melde bekymring som privatperson og som tilsett når det gjeld plikter, innhald i meldinga og oppfølging av meldinga.

Melde frå som privatperson

Dersom du er usikker på om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet.

Er du usikker på om omsorga er god nok?

Dersom du er usikker på om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale.

Det er barnevernet sin jobb å vurdere om barnet og familien treng hjelp. Oppgåva di er å sørgje for at barnevernet får vite om barn og unge som har det vanskeleg.

Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Dersom du er usikker på om du bør melde ei sak og ønskjer råd, kan du ringje til barnevernet i kommunen og diskutere saka anonymt. Du finn kontaktinformasjon til barnevernet i kommunen din på nettsida barnevernvakten.no.

Vil du vere anonym?

Du kan ikkje vere anonym når du melder bekymring i den digitale løysinga. Barnevernet får vite namnet ditt.

Barnevernet vil i dei fleste tilfelle fortelje familien kven som har meldt bekymring, sjølv om du helst ville vore anonym. Det er enklare for barnevernet å gjere ein god jobb når dei kan snakke med familien om kven som er bekymra og kvifor.

Ring barnevernet i kommunen dersom du vil vite meir om kva det inneber for deg at du ikkje er anonym.

Dersom du vil melde bekymring anonymt, kan du ringje eller sende brev utan å oppgje kven du er. Skal du sende brev, kan du laste ned og fylle ut papirskjema for melding frå privatpersonar.

Vil du vite kva som skjer når du melder?

Det er barnevernet i kommunen der barnet bur, som følgjer opp bekymringsmeldinga di.

  1. Barnevernet vurderer om meldinga skal følgjast opp

    Når du har sendt inn ei bekymringsmelding, vurderer barnevernet om meldinga skal følgjast opp med ei undersøking, eller om ho skal leggjast vekk. Dette skal barnevernet gjere innan ei veke frå dei tek mot meldinga.

  2. Du får ei stadfesting på at meldinga er motteken

    Dersom du oppgjev adressa di i meldinga, får du ei stadfesting frå barnevernet på at meldinga er motteken, innan tre veker.

  3. Barnevernet kan kontakte deg

    Det kan hende barnevernet tek kontakt med deg for å få meir informasjon.

  4. Hjelp til familien

    Gjennom undersøkinga avklarer barnevernet om barnet og familien treng hjelp, og korleis barnet og familien i så fall kan få hjelp. Barnevernet har teieplikt. Derfor får du ikkje informasjon om korleis barnevernet følgjer opp barnet og familien.

Kva skal du skrive i ei bekymringsmelding?

I bekymringsmeldinga skal du skildre kva du har sett eller høyrt som gjer at du er bekymra.

Skriv noko om

  • kva som har skjedd

  • når det skjedde

  • kvar det skjedde

  • kven som var involvert

Skriv også om andre forhold som gjer deg bekymra.

Ver merksam på at familien ofte får sjå meldinga. Ikkje oppgje meir informasjon enn du ønskjer å dele.

Melde frå som tilsett

Offentleg tilsette og fagpersonar med teieplikt kan ha plikt til å melde frå til barnevernet i kommunen.

Kven har meldeplikt?

Meldeplikta gjeld for

  • tilsette i alle offentlege instansar og tenester

  • tilsette som jobbar i ein organisasjon eller ei privat verksemd som utfører oppgåver for det offentlege

  • yrkesgrupper som psykologar, sjukepleiarar, tannlegar, jordmødrer, fysioterapeutar, tilsette ved familievernkontor og meklarar i ekteskapssaker

Når gjeld meldeplikta?

Alle offentleg tilsette og ei rekkje yrkesutøvarar har profesjonsbestemt teieplikt. Meldeplikta set denne teieplikta til side når eitt eller fleire av vilkåra i barnevernlova er oppfylte.

Meldeplikta gjeld når du har grunn til å tru

  • at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt

  • at eit barn har ein livstrugande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling

  • at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring

  • at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

  • når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd

Du kan lese meir om meldeplikta i barnevernslova og saksbehandlingsrundskrivet .

Du har eit personleg ansvar både for teieplikta og for meldeplikta. De kan ha rutinar på arbeidsplassen som seier at det er næraste leiar eller andre som skal melde inn bekymringa, men du har likevel eit personleg ansvar for at barnevernet får beskjed.

Dersom foreldra samtykkjer, kan du sende bekymringsmelding sjølv om vilkåra for meldeplikt ikkje er oppfylte.

Handlar bekymringa om svært alvorlege forhold?

Dersom bekymringa handlar om svært alvorlege forhold, som vald eller seksuelle overgrep, bør du kontakte barnevernet for å drøfte korleis du skal gå fram.

Ring barnevernet før du eventuelt informerer barnets føresette om at du har sendt ei bekymringsmelding.

Korleis kan eg vite om meldinga er motteken?

Barnevernet skal sende deg ei tilbakemelding innan tre veker. Vi oppmodar deg om å kontakte barnevernet dersom du ikkje får ei slik tilbakemelding innan denne fristen.

Når du sender inn bekymringsmeldinga frå denne nettsida, får du ei kvittering med eit referansenummer som du kan bruke i kontakt med barnevernet.

Telefonnummer når det hastar

Ring politiet sitt naudnummer dersom det er behov for strakshjelp. Er du usikker, kan du ringje politiets sentralbord eller barnevernsvakta.

Ring politiet

Sentralbord: 02800
Naudnummer: 112

Ring barnevernsvakt

Du finn nummeret til di lokale barnevernsvakt hos Barnevernsvakta.

Du kan også ringje Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111.